Vår historie

Ei reise gjennom generasjonar – frå tradisjonell gardsdrift til gardsbryggeri

Innestua og Utestua mellom 1900 og 1920

Innestua og Utestua mellom 1900 og 1920 - fargelagt historisk foto som viser gårdene slik dei såg ut under Magnhild og Lars si tid

Frå Øraskulen til gardsdrift og bank

Magnhild og Lars P. Mogstad si driftstid (1878-1914)

Lars og Magnhild kjøpte Innestua 25. oktober 1878 av Jo Olsen Sæter. Jo vart kårmann i den nybygde kårenden.

Lars var født i Nistua på Mogstad. Han vart lærar på Øraskulen etter endt utdanning i 1863. Magnhild kom frå Nistua I Skralthaug. Ho var nært knytt til Innestua fordi far hennar voks opp der.

Dei kjøpte og Undøya på Honnstad av bror til Lars. I ettertid har Innestua dreve desse vel 30 daa oppe på Honnstad.

Frå slutten av 1880-talet og fram til 1915 setra Innestua i Søyådalen. På Øyskogsetra (tidlegare Østbøhaugsetra – Meierisetra) som Lars kjøpte saman med Utestua, Midtgarden og Øyskog. Ingebrigt I. Grimsmo kjøpte setra på skatteauksjon i 1916.

Frå 1873 til 1919 var Lars kasserar i Surnadal Sparebank, Banken heldt til på kammersloftet i Innestua den tida Lars var kasserar.

Han slutta som lærar I 1898. To år etter, i 1900, stod nytt fjøs ferdig på garden. Husdyrhaldet auka truleg vesentleg, frå det som er registrert i 1875: 1 hest, 5 kyr, 2 ungnaut og 12 sauer. I folketeljinga i 1900 har Magnhild og Lars 7 born buande på garden, der to er titulert gardsdreng og eldstejenta er budeie. I tillegg ei tjenestejente.

I folketeljinga i 1910 finn vi Magnhild og Lars på garden med 5 av borna. I tillegg sonen Ola, kona hans Maret og deira nyfødte førstefødte dotter Magnhild.

Magnhild og Lars hadde 11 born. Tre av dei gifta seg med makar fra nabogarden, Utestua. Slik vart det i neste generasjon ein haug med doble søskenbarn i Innestua og Utestua på Nedre Sæter og i Nistua i Skralthaug.